Lars Korff Lofthus i Fönster!
21. juni kl.18
Kobbel Kunstbyrå viser verk av Lars Korff Lofthus i samband med hans separatutstilling "Jeg bæres frem til tørstig Mand" på Kristiansand Kunsthall som opnar dagen ettar, 22.juni.
Korff Lofthus har den siste tida hausta anerkjenning for sin representasjon og samanstilling av folkekultur, natur og erotikk. Kunstnaren er oppteken av ritual og situasjonar der ein både kjenner seg framandgjort og heime.
Lars Korff Lofthus er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. Kunstakademiet, Det Kongelige Danske Kunstakademi og Nordiska Konstskolan i Kokkola, Finland. Lofthus har ein omfattande utstillingspraksis og er i tillegg engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeida hans er innkjøpt av m.a. Nasjonalmuseet, Bergen kunstmuseum KODE, Oslo kommune, Equinor og Universitetet i Agder. Han deler tida og arbeidet sitt mellom Bergen, der han tidlegare var fyrsteamanuensis på kunstakademiet, og atelieret hans i Hardanger.
Me trekker frå gardinene på Fönster, fredag 21.juni kl.18:00.